Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

lørdag 23. mai 2015

Pinse.

Kva tyder PINSE
Nå er det pinsehelg, eller kvitsunn som det eigentleg heiter på nynorsk. Det er den siste av dei tri store kristne helgene me har i året: Jul, påske og pinse. Den første talar om Jesu kome, den andre om Jesus død og oppstode. Den siste er Anden si høgtid. Den heilage Ande hadde nok vore på jorda frå skapinga av, som det står i 1. Mos. 1, 2. Litt enkelt kan me seia at før pinse kom Anden i spesielle situasjonar og til einskilde menneske. 

I pinsehelga (Apg. 2) hende det så noko heilt radikalt nytt. Det vart som ein ny tidsalder åndeleg tala. Nå vart ikkje lenger Anden så spesiell, nå vart han ålmenn på den måten at han kallar alle og vil bu hjå alle. Og så er han Jesu representant på jorda.- Han var talsmannen som Jesus skulle senda då han sjølv drog heim att til sin himmel. Der ventar han forresten på oss. 

For å bli med i det himmelske, heilage koret må me altså fylgja det kallet som Anden kjem med. Han kan nytta andre menneske som minner deg om det evige, eller han talar gjennom ei bok eller eit blad du les. Han kan til og med koma til deg i einsemnd, ved nattetid eller når du er ute på ein spasertur. Då får du tankar om at du gjerne vil til himmelen, og at det hastar å gjera seg klar. 

I den situasjonen er det viktig å vita dette: Det er berre gjennom Jesus Kristus du kan bli med på himmeltoget! Det er han som er frelsar og ingen annan. Kvifor skulle han elles lida og døy ein slik smertefull død som han opplevde i påskehelga? Difor er pinsen eit ekstra kall til frelse. Vil du ikkje gjera deg klar nå? Det kan du gjera ved å erkjenna di synd, be Gud om nåde og tilgivelse og så festa di tillit og tru til det Jesus gjorde på krossen for oss. Då sona han synda og slik opna ein dør til himmelen.
Nils.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar