Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

tirsdag 16. juni 2015

Rom. 1.14-15. Eg har ei gjeld.

Rom. 1, 14-15.


Her er ei ny side ved evangeliet. Det handlar ikkje berre om «Kristus for oss», men også om Kristus i oss og ved oss. Her er det det siste me skal ta fram. Somme er litt einsidige og tenkjer slik: Det er godt at eg er frelst og nokre av mine næraste. Elles er mange nok opptekne med å leva for seg sjølv og gjera det dei har lyst til. Her tenkjer eg ikkje på grove, syndige lyster. Her er heller sjølve det vanlege livet i fokus.

For Paulus sjølv var det ikkje slik. Han var misjonær av høg klasse. Han visste: Evangeliet måtte ut til alle i heile verda. Han visste at Jesus hadde sagt: Gå! Slik hadde han ikkje noko val. Han måtte ut på reis.

Til korintarane skreiv han om det slik: «Det er ein tvang som ligg på meg,» 1. Kor. 9, 16. Han ropa ve over seg sjølv om han svikta det kallet. Og her til romarane nyttar han eit anna bilete: Eg står i skuld. Og den måtte han betala. Og me kan då tenkja på fleire slag skuld, eller slik at me står i skuld til fleire. Det er fokus denne gongen:

1. Me har skuld til Gud.
Den erkjenninga må koma først. Elles ser me ikkje det andre så klårt. Og då er det slik at kvar synd me har gjort er ein gjeldspost hjå Gud. Og der er me alltid i underskot. Den gjelda er ubetaleleg. Synda er alvorleg, og den øydela mennesket. Alt i oss er smitta av synd, me vart slavar under synda, sjuke og gjeldsbundne. Me er åndeleg døde for Gud.

Jesus fortel ei likning som viser det. I Mat. 18, 23 er sagt at ein mann hadde 10.000 talentar i skuld. Det vil tilsvara om lag 200.000 arbeidsår. Det seier seg sjølv at ingen kan betala det. Ein kan og omrekna det til pengar – over  50 milliardar kroner. Det er ei botnlaus gjeld hjå Gud.

Ei viktig sak her er at alle er slik. Gud skil ikkje på små og store syndarar. Han vil visa oss at synda uansett er alvorleg. Og difor er me allereie fortapt ni oss sjølve.

Når eit slik menneske høyrer og trur dette: «For vår misgjerning ble han knust --- du gikk for meg en blodig sti og jeg som skyldig var, slapp fri,» då rann ein ny dag. Dei fekk sjå at Paulus skreiv noko stort om dei: Jesus strauk ut skuldbrevet mot oss, Kol. 2, 14. Ja, då vart syndaren sett fri. Han vart ein kristen, og livet med Gud tok til – av nåde og i fridom.

2. Ei ny skuld.

Då me vart frelste, kjende takk til Gud for kallet og nåden og alt det Gud gav oss. Alt var av nåde, Ef. 2,8. Det tyder gratis og utan vår forteneste. Og då kom spørsmålet frå Salme 116,12: Kva skal eg gje Herren att? Slik tenkjer ofte Guds born. Og me syng: Hva skal jeg gi til min Frelser?

Dette er litt av det nye sinn: Takk for frelse og fridom. «En evighet blir ei for lang til ham å prise med min sang.»

3. Meir skuld.

Det var godt at me vart frelste, det er ei fin oppleving. Men snart kom tanken: Dette evangeliet gjeld alle. Andre må få høyra og koma til Frelsaren. Det er mi eiga slekt, bygda vår og landet. Ja, me les i Bibelen: Til endane av jorda. Apg. 1,8,

Mange har ennå ikkje høyrt, og dei døyr uvitande. Det blir ein tung sekk å bera for oss som trur. Eg spurde ein misjonær for mange år sidan: Kva er eit misjonskall? Og han svara: Det er noko eg ikkje kjem forbi.

Bibelen har også ord om desse unådde: Freds veg kjenner dei ikkje. Rom. 3, 17. Og: Heidningane som ikkje kjenner Gud. 1. Tes. 4, 5. Det er millionar av dei i verda. Kunne me sett dei samla, ville det blitt eit useieleg sukk og rop til Gud for dei. Nå kan me berre førestilla oss dette i tanke og sinn.

Men du og eg som kristne kjenner Han, og det sæle evangelium. Skal dei få høyra det, må det bli ved oss.  Det såg Paulus, og vitna om det her. Han står i skuld til grekarar og barbarar – det er heidningar av alle slag. Og han har skuld til vise og uvise – Det står ikkje på utdanning og kunneskap eller vit og forstand. Evangeliet kjenner ingen grenser. Og det gjer heller ikkje misjonen.

4. Er me villige?

Paulus seier: Difor er eg for min del villig. Han er rede til å gå alle stader. Ja, han ynskjer det (NO 78). Og her kjem han med ei interessant utsegn. Han ynskjer å møta dei kristne og verta oppbygd saman med dei, v. 12. Det er ein fin tanke. Det heilage samfunnet strekkjer seg ut til alle kristne, også dei me ikkje kjenner.

Dinest kjem det noko meir i v. 13: Han vil dei skal vita at han har tenkt på dei i lang tid og planlagt å reisa til Rom. Så opplevde han som me og gjer at noko kom i vegen. Han seier ikkje kva det var, men han vart hindra. Og så kjem den eigentlege grunnen til at han vil til Rom: «Også hjå dykk ville eg gjerne hausta noko frukt av arbeidet mitt.» Då tenkjer han på nye kristne, nyfrelste heidningar som kan vinnast ved hans forkynning og arbeid. Han ser etter det. Det er ikkje galt å ynskja frukt av arbeidet.

Kallet til oss gjeld ikkje berre Rom. Det gjeld Norge, Kina, Afrika – og alle andre land. Lat det bli alvor i vår sjel: Utan evangeliet er dei evig fortapte. Lat det trengja inn i oss: Nå er det nodetid, Guds sol skin på jorda. Og me har så litre frukt av livet vårt.

David sa: Kongen sitt ærend har hast. 1. Sam. 21, 8. Og nokre spedalske kom til syrarleiren og fann mat og sa: Dette er dagen då me kan bringa ein god bodskap. Det var dei spedalske som fekk oppdraget.

Lat Jesus få tenna ein brann: Nokre må bli frelst i år! Det er nøden.
Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og hram…
.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar