Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

mandag 6. oktober 2014

Kopervik jubileum 2014.



Kopervik jubileum 2014.

NDH.

1814 og 1914.

2014 er viktig –og mange årstal før. Tenk på 1814 med grunnlova og 17. mai og fridom. Og same år vart Hans Nielsen Hauge frikjend etter ti år med dom over seg. Han sat ikkje i fengsel heile tida, men dommen låg over han.

Og tenk på 1914 – ein verdskrig braut ut, som varde til 1918. Og i 1914 bygde dei Panamakanalen, og båtar kunne gå rett gjennom Amerika frå Stillehavet til Atlanterhavet. Same år bygde dei bedehus på Ådland.

Dette året hadde og Frelsesarmeen verdskongress i London. 130 salvasjonistar reiste frå Canada med båten «Empress of Ireland». Utafor Skotland rende ein (norsk) båt på skipet og mange omkom. M.a. salvasjonistar.  Då vart denne songen skriven: «De kommer fra øst og vest, de kommer fra syd og nord…». Det var ein ung svensk frelsesoffiser som skreiv han.

Og i tillegg: Misjonshuset på Stangeland vart bygd. Men noko hadde hendt før – det må me ta med her.

Bakgrunn.

Me spør nokre gonger om grunnen til at noko skjer. Den finn me ofte i tida før. Det som hender mellom oss påverkar ettertida. Det er sjeldan at noko kjem dalande ned over oss frå himmelen. Noko har hendt før.

I kristen samanheng er det ofte vekkingar som ligg bak både skular og bedehus og misjon. Det treng ikkje alltid vera store vekkingar som grip heile landsdelar. Det er gjerne nokre få brennande hjarto som set i gong. Metodistvekkinga i England på 1700-talet er eit døme på det. Nokre få studentar ved universitetet i Oxford kom saman og las regelmessig i Bibelen etter ein plan og metode. Brørne Wesley var mellom dei – og ei ny vekking kom over England og Amerika.

Tida før Misjonshuset her var og prega av åndeleg vakning og vekking. Det er ein viktig grunn til at huset vart bygt.

Vekkingar.

Oftedals-vekkinga i 1870-71 var ei slik oppvakning mellom folket på Karmøy. Lars Oftedal var vikarprest i Avaldsnes der store ting hende. Og vegen var kort til Kopervik. Mest heile Karmøy var med i denne vekkinga. Eit ytre resultat var bedehuset Karmel i Avaldsnes i 1878.

12-14 år seinare var det ei ny stor vekking i Karmøy. I 1885 kom lekpredikantane Thormod Rettedal frå Sør-Rogaland og Andreas Nilsen frå Jelsa. Den siste var bakar og handelsmann i Kopervik. Før han vart kristen, spela han til dans med ufrelst ungdom og levde som verdsleg. Då Gud fekk bøya han, knuste han fela og vitna om sitt nye liv der slikt ikkje lenger hadde plass. Nå var livskallet hans å vinna menneske for Gud. Vekkinga gjekk over store delar av Karmøy, fortel J. Straume. Men det kom fleire vekkingar. Rettedal kom attende til Kopervik i 1892 og nye kom med. Det var han som fekk i stand den første kvinneforeininga for Kinamisjonen her.

      Nå stig Maren Olava Simonsdt frå Skudenes fram, ho var f. 1865 d. 1956. Ho tente i Stavanger og seinare i Kopervik. Men ho hadde det vondt og visste ho var ein syndar. Ho las boka "Naaden og Sandheden" (av V. P. Makay) og fekk sjå vegen ut or trelldomen. Men ho våga ikkje å tru det avdi ein ikkje-lutheraner hadde skrive boka, seier ho. Så las ho i Galaterbrevet kap. 3 og vart fri og løyst: Den rettferdige skal leva ved tru.
      Maren vart gift med Ole Johan Olsen Lilleås frå Vikøy i 1890. Han var skipsbyggjar i Kopervik d. 1951. Dei ville begge arbeida for misjonen. Det gjekk ikkje så glatt alltid. Folk ropa "kinesarane" etter dei då dei gjekk til møta. Årsrapporten for 1894 viser og at dei har vore motlause: "Grunnet liten tilslutning føler vi oss ofte nedstemte og kolde og slik trenger (vi) til flittige forbønner...)" Men dei heldt fram med arbeidet, og i misjonsbøssa la dei "nogle ører efter enhvers evne". I denne tida var det ikkje snakk om dei store gåvene.

      I 1902 kom endå ei vekking, ved Røisland. "Heile Karmsund stod i loge," seier Straume. Då bygde dei m.a. bedehus på Stokkastrand.
      Og i 1910 kom Daasvand, på seinsommaren. Han sette seg på ei tropp med koffert og gitar. Mannen kom ut og Daasvand sa: Trur du eg kan spele ein song her? Ver så god, det er mi trapp, sa mannen. Ein stor barneflokk samla seg kring han. Dei fylgde med til bedehuset, og vekkinga tok til mellom unge og eldre. Då det vart kjent at Daasvand var tilhengar av fri nattverd, stengde dei bedehuset for han. Men vekkinga heldt fram i heimane. Johannes Solheim var og med, han var bror til Gustav Nielsen som og var talar.

      Om hausten 1912 var Johannes Dåsvand over 2 månader i byen. Han skreiv i Kineseren om det slik: "Jeg fikk lyst til å sende noen linjer fra krigsskueplassen." Han seier det er et herleg arbeid å tala Guds ord. Men i Kopervik "har vært nokså trange forhold i religiøs henseende, men det lysner, og derfor er vi glade. Når Gud lukker opp, kan ingen lukke til. Her har været vekkelse særlig blant ungdommen og flere har overgitt seg til Gud." Og han komkluderer med dette: "Arbeidet for Kinamisjonen går fremover her på Karmøen." Han var optimist.

Nytt hus.


I 1914 var tida komen. Lilleås var ei drivande kraft også nå. Dei samla material og huset vart reist sumaren 1914. Dei kalla det «Emmaus» etter Luk. 24 der Jesus tala med to læresveinar på vegen til byen Emmaus. Til dagleg heiter det «Stangeland Misjonshus».

Predikant og lærar Peder Vagle skreiv brev til Brandtzæg 7. oktober 1914 om at han og Knut Rettedal hadde vore i Kopervik på møte. Søndag 4. okt. vart det vigsla (det var i går!) der misjonær Seyffarth, Rettedal og Mugås var med. Det er hundre år sidan.

Eigedomen vart skyldsett 24. nov. s.å. og skøyte frå Simon Stangeland tinglest 15. juni 1915. Pris 400 kr. Men grunnreglar for huset kom ikkje før i 1919. På sumartinget 15. juni 1915 kom eit interessant tillegg (som var vedteke alt 30. jan.): «Hvis bygdeveien skulle omlegges,  skal veigrunnen tilfalle den solgte grunn således at  adkomst til misjonshuset ikke sperres.» Og vegen er endra og går nå nærare lensmannskontoret. Denne setninga i tingboka gir altså misjonshuset rett til vegen. 

      Alfred Hagnor i Indremisjonen stod i vekking i 1918, då stod Kopervik i "lys lue". Det var og vekking i 1926-27 og i 1932-33. Under krigen var det stor vekking ved Robert Karlsen.
      ---
Under krigen tok tyskarane huset og nytta det til lagerplass. Då måtte dei og ha møte i heimane. Ingen av dei gjekk i kyrkja då av de det var ein NS prest der som folk ikkje hadde tiltru til.

Ny vekking.

      Vinteren 1957-58 gjekk ei stor vekking over Kopervik. Elise Oftedal har skrive ei interessant prosjektoppgave om den, som ho kalla: "Den siste store vekkelsen i Kopervik". Nå når århundre renn ut, ser me faktisk at den tittelen var profetisk. Det vart den siste store vekkinga i byen.
      Det tok til med ein evangelisk aksjon i kyrkja i Kopervik søndag 3. nov. 1957 med mottoet: "Kristus kaller". I 50-åra var det vanleg med evangeliske aksjonar fleire stader i landet - dei første aksjonane vart haldne i Oslo og Austfold hausten 1955. Talar i Kopervik var res. kap. Leif Winsnes.
      Aksjonen varte lenger med fleire einskildmøte, utan mykje synlege resultat.
      Onsdag 15. januar 1958 tok så ein ny "aksjon" til, denne gong med den glade bakaren frå Sauda, Arne Aano, og evangelist Arne Helseth-Dyrseth som talarar. Dei var svært ulike av legning, men begge hadde eit brennande ynskje om at folk måtte bli frelst. Slik utfylte dei kvarandre.
      Aano sang og vitna, Helseth-Dyrseth gjekk i djupna i Guds ord og førde dei nyomvende inn i Ordet. Men dei stod i 14 dagar før noko spesielt hende. Dei byrja på Stangeland Misjonshus, men måtte etter kvart flytta over til bedehuset og kyrkja. Folk samla seg i store flokkar.
      Etter det siste planlagde møtet sa ein til Aano: "De får ikkje lov å slutta nå. Her er så mykje som står på spel!"
      Møta heldt i alle høve fram utover vinteren og våren. 50 møte vart det i alt, siste møte vart søndag 1. juni. I mars tok dei offerveka for Indremisjonen slik det har vore vanleg i kristent arbeid mange gonger. Me veit ikkje kor mange som "kom med" denne gongen. Men mange unge ektepar og eldre vart omvende, både gifte og ugifte. Og dei kom frå eit større distrikt, både frå Karmøy, Haugesund og Tysvær o.a.st.
      Vekkinga i Kopervik er blitt eit omgrep. Då var det det hende! Gud var i Kopervik.
      I 1974 var også Aano her og nokre vart omvende til Gud.

I tida etter vekkinga har arbeidet gått vidare med møte om søndagen og nokre møteveker i året. Her har vore fleire foreiningar både for born og vaksne¨.

MEN: Protokollen for Stangeland misjonshus er noko spesiell. Den tek til i nov. 1919 og er framleis nytta. Frå byrjinga har dei ført han som eit dagsregister med kolonner for dato, møteslag, møtetid,  talar og kva forening eller møte dei har hatt fram til 1980 med få avbrot. Det er ei nokså unik kjelde om misjonsarbeidet her i krinsen og kan nyttast til mange granskingar.[i]  Tala syner sider ved misjonsarbeidet som me knapt hadde hatt på anna vis. Ein del av dette “veit” me avdi me har høyrt det, men her er meir handfaste prov i skriftleg form. Nokre få tal tek me med:
       I 30-årsperioden frå nov. 1919 til nov. 1949 har dei hatt 1600 offentlege møte, i snitt er det 53 møte pr. år. I tillegg kjem 145 nattverdmøte, 84 bibeltimar, 14 stemne og 138 basar-møte og 15 utlodningar. Dette siste er interessant. Basaren gjekk over fire-fem kveldar, ja, opp til seks basarkveldar var det. Ofte hadde dei ny  talar for kvar kveld. Nokre år hadde dei og søndagsskule - i alt 181 møte frå jan. 1926 til des. 1933. Korleis det gjekk seinare er ikkje notert. Saman med foreningsmøta og småmøta hadde dei over 4500 møte i desse 30 åra, dvs 150 møte for året.
       Dei møta som elles dominerer, er kvinneforeningane. Her har me eit godt døme på at foreningane har bore arbeidet oppe i tunge tider så vel som i gode dagar. I alt er notert 1255 foreningsmøte. Men det er mogeleg at ikkje alle foreningane er med her. To hovudforeningar skil seg ut: Den gamle kvinneforening og De unges misjonsforening. Den siste heldt på nokre år i byrjinga av perioden, men seinare kom Den unge kvinneforening, truleg som framhald av De unges misjonsforening. Eg har slått dei to saman her. - Her kan me stilla spørsmålet: kven av desse to foreningane hadde flest møte og heldt ut lengst i t.d. sumarferiar? Dei unge eller dei gamle?
       Svaret er eintydig i dette materialet: Dei gamle hadde 890 møte i perioden, medan dei unge hadde 341. Dei gamle hadde sine møte lenger om sumaren og denne foreninga var stødig og trufast gjennom heile denne generasjonen. Kor vidt det er typisk, skal vera usagt. Dei prøvde med ein mannsforeninga - berre tre møte er notert. Tosao hadde sju møte, men hadde fleire basarar. Det er ikkje sikkert at alle deira møte er notert i protokollen (dei kan ha vore privat).
       Perioden omfattar både den siste verdskrigen og depresjonstida i 1920-og 30-åra. Under krigen vart huset teke av tyskarane, og misjonsfolket måtte ut. Då hadde dei møte kring i heimane, frå febr. 1942 til mars 1945. Ved møtet 29. mars  1945 er notert: I Misjonshuset. Då har dei fått det att.
       Eit anna spørsmål er: Kva predikantar har dei nytta? Misjonshuset har fridom til å kalla sine eigne  talarar, sjølv om krinskontoret sender ein del. Det første me skal notera oss her er at misjonsfolket samlast utan  talar til småmøte. Då er notert: Ved “Vennene”. Heile 1291 slike møte hadde dei i tillegg til dei 1600 som er omtala før. Det viser at dei både hadde trong til å samlast om Guds ord og bøn, og at dei tok initiativ og var “myndige” nok til å gjera det.
       Likevel hadde dei mange predikantar, både frå misjonen og utafrå. Den som ut frå dette materialet har  tala mest, er Adolf Bjerkreim. Han er notert med heile 101 møte som 1.  talar. I tillegg var han her sju møte saman med andre som 2.  talar. For dette er typisk i førkrigstida: Dei var ofte to-tre  talarar på møta. Til samanlikning var Brandtzæg her berre ein dag, det same var Vågen. Andre “stortalarar” var misjonær Chr. Oftedal med 57, A. Kallestein med 56, Sven Foldøen med 51 og David Liknes med 35 møte. Fredr. Foldøen var bror til Sven, og han  tala her ved ni møte.
       Mitchell hadde 57 møte og McKinnon 47 - dei var representantar for dei såkalla “Plymouth-brørne”[ii] frå Skotland. Hausten 1924 stod Alex. Mitchell her frå 26. okt. til 8.des. Mest heile tida hadde han to bibeltimar dagleg. Etter det vart det uro, truleg på grunn av læra. Fleire gjekk ut or styret, og på medlemsmøte 22. jan. 1925 vart ny formann og nestformann valde - Ola Vorrå og Ole Lilleås. Det var misjonær Seyffarth som kalla saman til dette møtet.
    
Men det har stilna litt. Folk som høyrde til huset og brann for Guds rike og Kinamisjonen har døydd eller flytt bort. – men kallet står fast. Mange eller få skal ikkje verka inn på det. Gud vil at alle skal bli frelste, og han treng vitne og sendebod her i verda. Dette Misjonshuset er eit slikt sendebod i dette området. Difor må arbeidet halda fram – til Jesus kjem att.

Vil du vigsla deg til arbeidet og bruka tid og kraft i tenesta?




[i] Eg har lagt inn alle møta frå 1919 til 1949, i alt 4542 møte og samlingar, på database. Dette er grunnlaget for tal som er nytta i teksten.
[ii] Sjå om dei i boka til Kjell Dahlene: "Plymouth-Brethren" i norsk kristenliv. Eige forlag 1983.