Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

onsdag 22. juli 2015

Ei tung bør.

Ei tung bør.

John Bunyan fortel om ein mann som ville til himmelen, den heilage staden. Men han hadde ei så tung bør på ryggen at han mest segna om. Då møtte han ein mann som sa: Gå bort til den haugen der borte.
  Og der såg han ein kross. Han bøygde seg der, og då kjende han at ryggsekken fall av. Lett og fri kunne han gå vidare mot målet. Og han nådde fram.
  Ein slik tung sekk har kanskje du og. Der ligg alle feil og manglar, noko me sa eller gjorde og det me forsømde. Bibelen kallar det synd. Det tyder at livet vårt ikkje er etter Guds vilje. Då gneg det på samvitet og dømer oss. Og Bibelen seier at alle har synda og manglar ære hjå Gud.
  Kor skal me gå med det? Jesus sa ein gong: Kom til meg alle de som strevar og har tungt å bera. Og eg vil gje dykk kvile. Mat. 11,28. Det ordet gjeld ennå. Vegen er å erkjenna og sanna synda og be om Guds nåde og tilgjeving. Då går du ilag med mannen som Bunyan skreiv om i Pilegrims vandring – på veg mot målet: himmelen.


Nils Dybdal Holthe. Pensj. adjunkt og predikant.