Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

fredag 12. juni 2015

Overtydd om - Rom. 3, 28.

Rom 3, 28.


Dette verset kan me sjå på som ein konklusjon på det han har skrive tidlegare. Spørsmålet er korleis eit menneske kan bli frelst. Det står det mykje om i Bibelen. Og det kan seiast på fleire måtar utan at dei treng å motseia kvarandre.

Og Paulus er ganske sikker på at han talar rett. Om denne saka er det ikkje tvil. Her kan me seia at Luther liknar litt på han. Også han slår denne saka fast utan diskusjon eller tvil. Det var vel om me og hadde noko av det. Ei tvilande og vinglande tru har lite kraft i seg.

Me tenkjer her på første setning i verset: Vi er overtydde om… Bibelomsetjingane kan variera noko her. I 1930 og -38 bibelen er det slik: Vi holder for/ vi held fyre. Bibelen Guds ord omset det slik: Vi holder fast på… Og i den siste 2011-Bibelen står det slik: Vi hevder at.

Alle desse uttrykka kan me skjøna slik at det ligg ei overtyding bak: Ut frå Guds ord må det vera slik. Derimot er eg ikkje glads for uttrykket i 1978-omsetjinga: Vi meiner at… Guds frelse har ikkje noko med vår meining å gjera. Det gjeld heile tida Guds meining. Og den tyske tolkaren W. F. Besser skriv om dette slik: Det er grunngjeve i Guds frelsesord og gjerning og byggjer på Guds nåde og forteneste.

Og ut frå dette kan me seia: Me er overtydd om og kjem difor ikkje bort frå det Gud har sagt. Og eigentleg er det godt å vita at frelsa er noko fast og sikkert. I verda er det mykje uvisse om mest alt. I den bibelske læra kan me trekkja fram fleire sider med er overtydde om på denne måten:

1. Gud skapte alt.
Det ser me alt i det første verset i Bibelen, 1. Mos. 1. Og det vert teke opp att i Joh1,1f. I Salme 33 vers 6 og 9 finn me og fine vers om dette. Mennesket er Guds finaste handverk, eit meisterstykke av Gud som ingen vitskapsmann kan gjera etter han. Og me vart skapte ved ei særskilt handling av Gud, ikkje som ei utvikling av det som alt var til. Her vil me som kristne hevda at Darwin tok feil, o9g det gjer også evolusjonslæra hans i vår tid. For dei avset Gud.

Etter Bibelen er det Gud som har gjort alt og med det eig han også alt og alle. Han styrer over verda og har rett til oss menneske. Men menneske fekk ein «fri» vilje til å lyda Gud eller å fornekta han. Adam og Eva gjorde det siste.

Men skapinga var ikkje tilfeldig, men etter ein plan. Og Han skapte menneska i sitt bilete, og tyder enkelt nok at dei var så fullkomne som eit menneske kan vera. For det var Gud som handla sjølv om me ikkje kan skjøna alt til punkt og prikke.

2. Synda er ein realitet.
I den første boka i Bibelen kap. 3 ser me korleis det hende. Synda kom inn i verda ved slangen si freisting og menneska sin ulydnad. Det var starten. Men me ser det også kva dag – på TV, i aviser, i ord og gjerning der me møter menneske. Her er mykje vondt i verda. Og det stammar frå syndefallet.

Så merker me også at synda er inne i oss – alle. Det øydelegg livet for mange. Om folk lever i denne synda og gjer opp med Gud, går die mot fortapinga. Det er den visse avslutning på livet utan samfunn med skapar og frelsar.

Og Bibelen slår fast at alle har synda. Ingen kjem difor unna Guds dom. Rom. 3, 23. Me står skuldige innfor Gud av di me sjølv har våre ulydig mot Han, v. 19. Og me må vera merksam på at all synd er mot Gud og ikkje berre mot menneske. David fekk sjå det då han synda så grovt med Batseba: Mot deg åleine har eg synda, Salme. 51, 6. Det var nok Gud som viste han det då han erkjende.

Me kan seia med salmediktaren: Jeg står for Gud som allting vet og slår mitt øye skamfull ned. Jeg ser min synd, at den ser stor i tanker, gjerninger og ord… Då er me overtydde om at synda er alvorleg.

3. Eg er udugeleg.
Det er den neste overtydinga. Og her må Gud arbeida mykje med oss for å via oss det. Det ligg i oss at me vil klara oss sjølve. Me er som born som seier: Eg skal gjera det, eg kan…

Guds Ande arbeider på å føra oss til erkjenning av at me aldri blir gode nok. Men me prøver å gjera så mykje me kan og trur at det skal hjelpa oss til himmelen. I bibelsk språk er det kalla lovgjerningar. Det er ikkje alle slags gjerningar. Det er slikt me gjer for å bli frelst. Det er god moral, mykje bøn, hjelpearbeid både heime og i andre land. Kan ikkje det hjelpa meg til å bli ein kristen? Vil ikkje Gud sjå med blide augo på meg når eg gjer noko godt? Kan eg ikkje då venta å få ein himmelbillett?

Den Heilage Ande må nok arbeida mykje på deg som har det slik. Han vil visa deg at i dette er du og alle andre duglause. Me kan ikkje hjelpa Gud. Det nyttar ikkje med offer og arbeid og iver for Guds sak. Det hjelper ingen til himmelen.

Paulus hadde prøvd det – som farisear. I Fil. 3 reknar han opp fleire gode sider ved seg sjølv og trudde at det var nok. Han seier til og med at han var lytelaus i rettferd etter lova. V. 6. Slik tenkte farisearane på hans tid, men dei tenkte feil. Hans ei9ga rettferd var ikkje nok.

Luther gjorde noko av det same. Han pinte seg sjølv, reiste til Roma og gjekk opp ei trapp (Scala sancta) med mange bøner. Men han fekk ikkje fred i hjarta. Det skreik i han: Korleis skal eg få ein nådig Gud? Lenge levde han i denne villfaringa. Til siste måtte han og alle me som vart frelst siga i kne og sanna: Eg maktar ingen ting i dette. Eg kan ikkje bli frelst, døra er stengd for meg. Du er sæl om du om du vert overtydd om det. For då kjem det neste:

4. Trua.
Trua kjem, seier Bibelen. Men korleis? Ikkje ved å høyra det menneska seier. Rom. 10, 17 seier det klårt: Trua kjem av forkynninga, ved Kristi ord. Etter vers 16 er det evangeliet. Men det er altså Kristus som kom med evangeliet, hans ord og gjerning er evangeliet. Dette er veldige ord med himmelsk kraft. Svensken Erik Bernspång seier: «Ei sann tru kan berre bli fødd ved evangeliet, budskapet om Jesus Kristus.»

I praksis skjedde det gjerne slik: Du såg til slutt at du ikkje kunne gjera noko til frelse. Det såg mørkt ut og du gav opp all von. Så høyrde du eller las om Jesus som ville og kunne frelsa syndarar. Du fekk høyra at han hadde gjort det du skulle og betalt di syndeskuld hjå Gud. Ordet om Jesus traff deg og du skjøna: Hvis dette er sant, er eg likevel frelst. Du hadde sleppt trua på deg sjølv og feste di lit til det Jesus var og sa og hadde gjort. Der var frelsa.

Luther seier noko om dette i Romerbrevskommentaren: Apostelen lærer altså at eit menneske lever berre ved trua si og tillit til Gud, og ikkje av gjerningane sine, men aleine av Guds barmhjertighet. Og: Me trur fast og sikkert, ja me veit, me er overtydd ved Ordet, at syndarane er rettferdige ved tru.

Berre Gud kan frelsa, utan vår hjelp. Me er alle som røvaren på krossen. Han ber oss om å ta imot Jesus, Joh. 1, 12. Det er å tru. Det er å overgi seg til Gud.
Mi frelsesvisse er då ikkje det eg kjenner eller føler eller opplever eller gjer. Mi visse om frelse er Jesus. Den danske prestedottera song slik før ho døydde:
Å tro, det er å legge seg end ved korsets fot,
Og begge armer strekke sin Herren Kristi imot.

Alt dette kan me tru og ta imot av di me som kristne er overtydde om at Bibelen talar sant og er Guds heilage ord. Der finn me vår frelsesgrunn og der er mat for sjela livet ut. Heilt til den dagen Han kjem att og kallar oss heim. Amen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar