Den
sterkaste stormakt!
Det var midt på 1950-talet, og
folk var mykje opptekne av atomkrafta og bombene dei kunne laga. Det var kaldt
krig mellom stormaktene i aust og vest. Ein misjonær talte då i Oslo på eit
misjonsmøte. Han talte om bøn til Gud og sa: Det er den sterkaste stormakt i
verda.
I salen sat ein redaktør, Trygve Bjerkrheim.
Han gjekk heim og sovna. Midt på natta vakna han med tanken: Den sterkaste
stormakt! Kva var det? Då stod songen for han og han skreiv ned orda: Det er
makt i de follede hender. To vers vart skapte den natta.
Ein frelsesoffiser (Linderud) fekk sjå
songen, og han gjekk opp på kontoret til Bjerkrheim og sa: Det manglar eit
vers. Du må skriva noko om dei som ber for borna sine. Og det vart vers nr. 2:
Du som ber for ditt barn, dine kjære…
Songen står i fleire songbøker og vart mykje
brukt, også i NRK ei tid. Her traff diktaren ei nerve hjå folket. Det er svar
underveis, står det i koret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar