Ei
tung bør.
John Bunyan fortel om ein mann som ville til
himmelen, den heilage staden. Men han hadde ei så tung bør på ryggen at han
mest segna om. Då møtte han ein mann som sa: Gå bort til den haugen der borte.
Og der
såg han ein kross. Han bøygde seg der, og då kjende han at ryggsekken fall av.
Lett og fri kunne han gå vidare mot målet. Og han nådde fram.
Ein
slik tung sekk har kanskje du og. Der ligg alle feil og manglar, noko me sa
eller gjorde og det me forsømde. Bibelen kallar det synd. Det tyder at livet
vårt ikkje er etter Guds vilje. Då gneg det på samvitet og dømer oss. Og
Bibelen seier at alle har synda og manglar ære hjå Gud.
Kor
skal me gå med det? Jesus sa ein gong: Kom til meg alle de som strevar og har
tungt å bera. Og eg vil gje dykk kvile. Mat. 11,28. Det ordet gjeld ennå. Vegen
er å erkjenna og sanna synda og be om Guds nåde og tilgjeving. Då går du ilag
med mannen som Bunyan skreiv om i Pilegrims vandring – på veg mot målet:
himmelen.
Nils Dybdal Holthe. Pensj. adjunkt og predikant.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar