Vår forkynning.
Eg
har høyrt ein del
forkynning i kyrkjer og bedehus i mange år. Det som altså slår meg nå, er at talen om konkret synd har
stilna mykje av.
Ein talar
nå om menneskeleg godleik og hjelpsemd. Mange talar villig om tilgjeving. Og
Gud gjev alltid det, seier dei. For Jesus døde for oss.
Då spør
eg: Kvifor skal me ha tilgjeving når me ikkje høyrer at me har synda mot Gud?
Det er dette saka gjeld. Alle veit at dei har feiltrinn i livet og gjort noko
galt mot andre. Men veit folk at dei står skuldige for den heilage Gud? Og det
er me, sjølv om me ikkje tenkjer på det. Ein gong skal me svara for alt det me
er og har gjort. Då nyttar det ikkje med gode gjerningar eller tårer.
Det skal
sterk lut til å vaska synda bort frå oss. Det eine me treng er Jesu blod. Men
då må prest og lekmann tala slik at folk ser si synd mot Gud, at dei treng
denne tilgjeving frå Gud.. Og det gjeld Guds vilje med oss, både at folk ikkje
trur og alt det me har gjort mot Guds bod. Det er sona hjå Gud, men du og eg
treng tilgjeving for det. Eg saknar denne sterke tonen.
Nils Dybdal-Holthe.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar