Kva tyder PINSE
Nå er det pinsehelg, eller kvitsunn som
det eigentleg heiter på nynorsk. Det er den siste av dei tri store kristne
helgene me har i året: Jul, påske og pinse. Den første talar om Jesu kome, den
andre om Jesus død og oppstode. Den siste er Anden si høgtid. Den heilage Ande
hadde nok vore på jorda frå skapinga av, som det står i 1. Mos. 1, 2. Litt enkelt kan me seia at før pinse kom Anden i spesielle
situasjonar og til einskilde menneske.
I pinsehelga (Apg. 2) hende det så noko
heilt radikalt nytt. Det vart som ein ny tidsalder åndeleg tala. Nå vart ikkje
lenger Anden så spesiell, nå vart han ålmenn på den måten at han kallar alle og
vil bu hjå alle. Og så er han Jesu representant på jorda.- Han var talsmannen
som Jesus skulle senda då han sjølv drog heim att til sin himmel. Der ventar
han forresten på oss.
For å bli med i det himmelske, heilage
koret må me altså fylgja det kallet som Anden kjem med. Han kan nytta andre
menneske som minner deg om det evige, eller han talar gjennom ei bok eller eit
blad du les. Han kan til og med koma til deg i einsemnd, ved nattetid eller når
du er ute på ein spasertur. Då får du tankar om at du gjerne vil til himmelen,
og at det hastar å gjera seg klar.
I den situasjonen er det viktig å vita
dette: Det er berre gjennom Jesus Kristus du kan bli med på himmeltoget! Det er
han som er frelsar og ingen annan. Kvifor skulle han elles lida og døy ein slik
smertefull død som han opplevde i påskehelga? Difor er pinsen eit ekstra kall
til frelse. Vil du ikkje gjera deg klar nå? Det kan du gjera ved å erkjenna di
synd, be Gud om nåde og tilgivelse og så festa di tillit og tru til det Jesus
gjorde på krossen for oss. Då sona han synda og slik opna ein dør til himmelen.
Nils.