J O B S B O K
NDH.
NDH.
(1).VERNA PÅ ALLE KANTAR.
Slik seier Satan til Gud - om Job (Job 1,10). I den eldre omsetjinga stod: hegna om han. Og det stemmer godt med hebraisk grunntekst. Der står eit ord som tyder å setja gjerde kring, t.d. med torner. Slik vart det vern mot villdyr og fiendar.
Slik var Gud med Job. Satan sa sant der. Gud hadde verna han på alle kantar.
På den måten tek han seg av oss kristne og. Me lever midt i ei vond og fårefull verd. Der er villdyr og fiendar på alle kantar. Det skal lite til for å riva oss bort frå det inderlege samfunnet med Jesus.
Difor har han hegna om oss. På alle kantar for å møta alle fiendar. Han sette eit gjerde kring oss som verda ikkje kjenner. Me er under serleg vern av Gud, me er Guds dyraste skapning. Guds nåde er gjerde ikring oss og Guds mange lovnader. Innafor her er me trygge.
Det veit Satan. Han hadde gått ikring gjerdet og sett om det var eit einaste hol. Men nei. "På alle kantar", står det, eller "omkring han". Gud er på di sida og vil verna deg i alt. Satan slepp aldri til lenger enn Gud vil.
(2). SATAN FRAMFOR HERREN.
Tenk Satan stig fram mellom Guds søner framfor Herren (Job. 1, 6f). Og her kjem han med anklage mot ein Guds ven. "Det er vel ikkje utan grunn han har age for Gud," seier Satan til Gud.
Det sette merke i meg i dag. Har eg baktankar med det eg gjer? Tener eg Gud for å tena på det sjølv?
Satan veit kor svake me er!
Og han går inn til Gud og klagar på oss. For Satan er fienden vår. Han er opphavet til freistingar og anfekting. Målet hans er å føra oss til fall - bort frå livet i Gud.
Me er ikkje fritekne for tvil og freisting om me er verna av Gud. Det er ofte Guds kjæraste born som vert anfekta mest. Dei sløve og likegyldige kristne gjer lite skade for Satan. Men slike som Job er fårlege for hans rike. Difor går han til åtak på dei. Han klagar dei dag og natt, er det skrive.
Du er kanskje inne i ei slik tid nå. Du tykkjer Djevelen er nærare enn Jesus.
Ver tålsam. Gud ser di sak. Han bergar armingar i deira naud (Job. 36, 15). Det er ljos i andre enden av tunellen. Vent på Herren. Du eig alle lovnadar.
(3). HERREN GAV, HERREN TOK.
Dette ordet er kanskje det mest kjende i Jobs bok (1,21). Job har opplevd sin store tragedie: alt er teke frå han. Han sit naken att. Likevel syng det i sjela hans: Det var Guds gåve alt, og han hadde rett til å ta det att. Ordet viser kor lite Job har vore bunden til dei jordiske og materielle ting.
Lukkeleg den som ser på livet slik. Om eg er naken eller eig alt, er det frå Gud. Difor kan eg lova Herrens namn i det som skjer - sjølv om det ikkje smakar så godt. For eg veit ordet er sant: alle ting tenar til gode for dei som elskar Gud (Rom. 8,28).
Dette er å vere audmjuk. Å bøya seg for Den Allmektige i alt. Han kritiserar ikkje eller klagar - slik tonen er så mange gonger i dag. Det hadde ikkje Satan rekna med (v.11)! Job prisar Guds namn - han veit at Gud står bak og tillet alt. Det er ikkje ein blind "skjebne" som rår - slik talar og folk i vår tid. Nei, Gud sjølv har tillete at slik skal skje. Visst skjønar han ikkje kvifor det skal henda slik. Men Gud skjønar det. Det er nok.
Til nå hadde ikkje Job synda i prøvinga. Slik gjorde Satan til skamme. Men Gud skulle tillata meir. Job skulle djupare ned i lutringa.
(4). LIKE ULASTANDE.
Satan hadde klaga Job og teke frå han alt han åtte. Då gir Herren han denne attesten: Framleis er han like ulastande (Job 2,3).
Det hadde vore naturleg for Job å klaga då. Det skal ofte lite til før me synes alt går mot oss. Og då kan me vere snar til å sende klageskriv mot himmelen. Det kan vere om naboar, om sjukdom, og arbeidsmiljøet eller økonomi. Alt tårnar seg opp og me tykkjer me vert mistydde.
Sume gonger er alt dette sant. Livet vart ikkje slik me hadde tenkt eller vona. Det vart kanskje mange motbakkar.
Men Job klaga ikkje Gud i denne tida. Kva han gjorde seinare vert noko anna. Nå bøygde han hovudet og tok imot det Gud sende i vegen hans. Han var like ulastande - ikkje framfor Gud men for menneskje.
Gud tillet altså Satan å røva frå oss mykje. Som med Job kan han ta mest alt frå oss. Det gjeld jordisk gods såvel som slekt og vener.
Kan me fylgja Job her, vert me sæle som kristne. Det ligg ei stor kraft i det å kunne bøya seg under det Gud sender utan å klage. Skje din vilje, Gud, for den er best.
(5). SEI GUD FARVEL OG DØY.
Det er kona til Job som seier dette til mannen då prøvingane heldt fram. Satan tok ikkje berre borna og buskapen hans. Job fekk svullar over heile kroppen og sat som ein stakkar og skrapa seg med potteskår. Kva kunne meininga vere med dette? Hadde det ei meining?
Nei, sa kona. Gud er urettvis, og det gagnar ikkje å tru på han. Sei han farvel. Spotta han heller og døy.
Tenk, for ei oppleving det måtte vere. Få slik tiltale midt i sorg og vanskar. Og av sin næraste. Kona hans. Ho som skulle støtta han og trøysta. Dei var saman i sorga over borna og buskapen.
Det verste er å få motgang av sine eigne. Mange av oss kan tåla slag av utaforståande. Det er ikkje meir å venta der. Men å møta motvilje og unødig kritikk av dei næraste er sårt. Det har skapt mykje vondt mellom menneskja og skilt ven frå ven. Truande er blitt motlause i arbeidet for Gud ved slik unødig kritikk, og truleg har misjonsarbeid blitt hindra ved slik framferd. Me må be Gud om hjelp til å tåla det - og til ikkje å vere mellom dei som kritiserar. Og korleis skal det gå om me seier Gud farvel? Då kjem den evige død.
(6). JOB SINE TRE VENER.
Under dei store prøvingane som Job måtte oppleva, kom tre av hans vener til han ein dag. Kap. 2, 11. Dei hadde høyrt om ulukka. Sjølv budde dei i andre byar. Nå kom dei for å syna han medkjensle og trøysta han.
Dette var ein god tanke. For ein som har sorg og motgang, treng hjelp. Mest av alt treng han eller ho medkjensle. Dei hungrar etter å møta nokon som kan forstå. Det er ikkje alltid dei mange og forstandige ord som skal til. Det er viktigare at nokon har tid å sitje ned. Å høyra og lytta. Eller berre sitja der, utan ord og forklaring.
Då dei såg Job, kjende dei han ikkje att. Så prega var han av sorga.
Då gret venene. I sju dagar og sju netter sa dei ikkje eit ord til han. Og Job klaga seg ikkje over det. For kanskje var det det beste som hende i denne tida. Nokre som hadde tid til å dela dei tunge tankar med han. For i dei tunge tider fins det ikkje gode nok ord som trøyst. Men kor lenge ville dette vare ved?
Framhaldet av Jobs bok syner at venene tok til å klaga Job. Han må ha synda på ein spesiell måte når Gud kan straffa slik, sa dei. Men var det rett? Gud svara sjølv på det: de har ikkje tala rett om meg (42, 7). For Gud er ikkje slik, det såg Job til sist (kap. 42, 3-5).
(7). JOB SI FORBANNING (KAP. 3,1).
For første gong opnar Job munnen etterat venene er komne. Dei hadde sikkert ei god meining med å kome. Men Job sat i si eiga verd, og dei fann aldri inn til hjartelivet hans.
Job banna den dagen han vart fødd, slik og profeten Jeremia gjorde (Jer. 20,14). Livet var for tungt å bera, og kvifor skulle dette henda? Det er så djupe spørsmål at ingen finn eit heilt svar i dette livet.
Dersom han fekk lov å døy, ville han sleppe lidinga. Og var han aldri fødd, ville han vore fri alt (v. 11). Me er vitne til den grufulle kamp trua kjempar midt i si anfekting. Det er eigentleg ikkje ein kamp mot Gud og heller ikkje forakt for livet.
Job er fylt av store spørsmål. Kvifor skal slikt henda? Kva er meininga med livet når det er så meiningslaust? Ein anfekta kristen kjenner denne uroa. Han ynskjer så inderleg svar, få sjå ein lysning i tilværet.
Slik anfekting kan lett enda i svartaste mørke. Ikkje få så slutten på alt i slike tider. Er det ei meining - eller går alt utan plan i livet? Og svaret finn me ikkje før i siste kap: "Ingen ting er umogeleg for deg" (kap. 42, 2). I det må me alle kvila, sjølv i dei mørkaste tider.
(8). TENK ETTER! (JOB 4, 7).
Det er ein av trøystarane, Elifas frå Teman, som ber Job tenkja. Han kjem som ein visdomslærar og skal syna Job den rette vegen. Feilen for denne ulukka ligg hjå Job sjølv. Han klagar over at det var nyttelaust å tala til Job. Kva tid miste ein skuldlaus livet? spør han. Tanken er denne: hvis Job hadde levd rett, ville ikkje denne ulukka koma.
Slik er alle trøystarane eigentleg like: dei legg skulda på Job for ulukka som har kome over han. Ser ein flyktig på orda deira, ser dei rette og åndelege ut: Kan eit menneske vera rettferdig for Gud? (v. 17). Det ser einkvar ærleg sjel. Elifas ville leggja saka fram for Gud (5, 8), som om Job ikkje hadde gjort det - heile den tida han levde rettvist for Herren.
Den same Elifas klagar seinare Job for å bryta ned agen for Gud (15, 4). Og etter dette kjem han med og slår han med dom og ber han venda om (22). Men det er ikkje ein Guds forkynnar som talar her. Det er hyklaren - som alltid legg byrder på andre utan å røra dei sjølv.
Orda i Gal. 6, 7 kan mistydast til skade for sjelene. Det er sant at me må hausta det me har sådd. Men me kan ikkje dermed seia at alt som skje med oss kjem av direkte, konkrete synder i vårt eige liv. Det ser me av Joh. 9, 3. Difor skal me ikkje døma andre når dei må lida. Det er inga trøyst.
(9). RETTFERDIG FOR GUD.
Det er Elifas som spør: Kan ein menneske vera rettferdig for Gud? (Job. 4, 17) Og han legg til: Gud finn feil hjå englane. Så heilag er han.
I oss sjølve er me ikkje rettferdige og kan aldri bli det. Om me fasta og bad eller plaga oss sjølve eit heilt liv, var me like ureine. Så grundig har syndefallet øydelagt oss.
Kanskje skjøna ikkje vismannen Elifas djupna i desse orda. Og det gjer ikkje mange nå heller. Men sanning er det. For dette ordet tek frå oss all von til oss sjølve, me vert ribba for den siste tråd.
Skal eit menneske bli rettferdig for Gud, treng han noko heilt anna enn eigne ufullkomne gjerningar. Me treng Guds eiga rettferd. Og den er openberra i Kristus. Der kan me få alt det me ikkje har. Og me får det gratis, av nåde. Kristus kjøpte rettferdsdrakten til oss då han ropte sitt "fullbragt" på korset. Og det skjøna ikkje Elifas. Difor var det ei mager trøyst for Job å høyra det han alt visste.
Men i evangeliet opplever me svaret: ved tru på Jesus eig me alt me treng (Rom. 5, 1). Me får ikkje hjelp til å bli betre eller kraft til å leva eit meir rettferdig liv. Det er ikkje rettferdiggjering. Me får eit heilt nytt liv, og det er berre det som gjeld for Gud. Ved trua eig me Kristi eige fullkomne liv. Meir enn det treng ingen av oss. Då er me reine for Skaparen - slik Jesus er det.
(10). MI SAK I GUDS HAND.
Det er Elifas som seier dette, med tydeleg adresse til Job: han bør leggja si sak i Guds hand. Job. 5, 8. For han gjer storverk og under som ingen kan telja.
Først er det ei irettesetjing av Job: Han har synda ettersom det ikkje er nokon verknad utan årsak, v. 6-7. Han har heller ikkje vendt seg til Gud. Det er lett å seie kva me ville gjera i ei vond stund. Men når me sjølv opplever der vonde, vert me like hjelpelause som andre. Då er det ikkje lett å gjera det me har sagt før.
Likevel er det eit godt råd han gjer: kva er betre enn å venda seg til Gud i alt? Og kva anna kan me gjera i vonde tider enn å leggja saka vår i Guds hand? Det var det Jesus sjølv gjorde: han truga ikkje når han leid, men overlet si sak til han som dømer rettferdig (1. Pet. 2, 23). Me skal ikkje hevna oss sjølve ved urett. Me skal leggja alt i Guds hand.
Me treng å be om ny nåde kvar dag - me er sjeldan utan skuld i dei vonde dagar som møter oss. Då får me koma til han som far. Og når me lagt alt framfor han, skal me kvila der. Han tilgjev og vil ta seg av oss etter sin gode vilje.
a) Elifas er den første som kommenterer Job, kap. 4-5. Han byrjar i kap. 4 med den vanlege oppfatninga at Gud straffar synd og dermed syndaren. Først klagar han Job for at han er utålmodig og at han ikkje ser si synd. Gud refser den skuldige, seier han. Elifas har hatt eit syn om natta som han bruker som prov. I kap. 5 seier han at Job er ein dåre som er sjølv skuld i ulukka si. Han burde setja si lit til Herren og sjå alt som ei velsigning frå Gud som ville fria han ut til sist.
b) Job har svar i dei neste to
kapitla. Det er ikkje underleg at Job forsvarar seg (ut frå hans menneskelege
ståstad). Lidingane hadde vore sers tunge og store. Han veit ikkje kor lenge
han kan halda ut og ser ikkje noka von meir. Han visste at han ikkje hadde
gjort mot Guds bod. Hadde han gjort noko konkret, skulle han tåla lidinga med
glede. Han meiner at venene hadde svike han og meinte han sjølv var skuld i
ulukka. Men han kan ikkje forstå at Gud plagar han så svært. Og slike «kvifor»
utan svar kan vera tunge å bera.
c) Den neste venen er Bildad som
refser Job i kap. 8 og minner han om at Gud er rettferdig. Hvis Job berre er
ærleg og ber om nåde, vil han tilgi og gi han meir enn før. Så langt har han
rett. Men også han koblar tanken til at Job har synda spesielt, og difor kom
ulukka. Det var nok særleg vondt for Job å høyra at til og med borna hans vil
lida slik om dei hadde synda. Kap. 8, 4. Bildad krev faktisk at Job skal vera
rein og ærleg før Gud vil hjelpa han, kap. 8, 6. Det er lova sine krav, dei kjende ikkje
evangeliet.
. Andre
tale.
I kap.
15-21 kjem dei tre venene med nye «trøysteord», eller kanskje me skal seie
klager. Og nå talar dei strengare enn før. Dei er nok også krenka over at Job
ikkje godtek orda deira.
Elifas
meiner nok at dei trøystar han og har oppdrag frå Gud til det. Men det er for
lite for Job, 15,11. I røyndomen støyter dei Job frå seg med sin dom og klage.
Det er ei viktig side i sjelesorga å unngå det.
Bildad
. Min gjenløysar lever.
Job har eit profetisk ord med full evangelisk klang i kap. 19,25: Eg veit at min gjenløysar lever, skriv han. Han har hatt mykje motgang og dårlege vener til å trøysta seg. Dei klaga han og kona spotta. Det var grunn til å bli fortvila.
Då viser Job at han har eit klårt syn på åndelege ting og seier dette mektige ordet. Eit flott vitnemål og eit profetord om Messias.
1. Han har ein gjenløysar, seier han. Gud skal hjelpa han, og det er den einaste redning. Ingen menneske kan, han set sitt håp til Gud. Han er gjenløysar, ein som skal skaffa han retten attende slik Rut opplevde det, Rut. 2-3.
For oss er Jesus vår gjenløysar. Han kjøpte retten til oss med blodet sitt. Der alt anna sviktar, står han fast. Og det skal han gjera til evig tid. Han tok vår syndeskuld, kjøpte oss og gjer oss fri ved trua på han. Jes. 53,5. Rom.8,3.32
2. Og han lever. For han stod opp frå dei døde. Han seira over djevlar og synd og død og dom. Difor er han i stand til å hjelpa nå. Job "såg" faktisk påskemorgon der Guds son reiste seg frå grava, og det gav heila verda ei ny von. 1. Kor. 15,4.14f. Luk 24,5-8.
3. Job er viss her: Eg veit det, seier han. Han er trygg. Det er ikkje eit laust rykte, ei svak von, ein "antagelse", ei aning eller andre folk si meining. Han har ei indre overtydning. Han veit. Det er stort. Denne vissa er fødd ut av nauda hans. Då har den også verdi. Han har ein stor redningsplanke mot fienden og tvil og motgang.
Slik er det for oss. Eg veit, skriv Paulus. 2. Tim. 1,12. Han er viss i si tru. Og til Fil.1,6 seier han: Han er fullt viss på at han som byrja skal fullenda verket.
4) Herren er den siste, skriv han. Gud skal ha det siste ord. Difor er han trygg i trua. Vår visse byggjer på at Jesus er Gud. Og det er min Gud og redningsmann som er den siste. Då er eg trygg til slutt. For han er alltid den same og kan ikkje endra seg,
Denne Gud er det som skal døma. Han skal stå fram på støvet. Og då står han fram som min hjelpar. I dag ser det ut som om dei mest verdslege vil sigra. Dei er så trygge i sin spott og kan likesom ikkje tapa. Guds ord viser oss at Gud skal ha det siste ord i alle ting. Difor er det godt å leva med han.
y. Job 42.
.
Job svarer.
Del A. Vers 1-6.
I avslutningskapitlet kommer en helt ny situasjon for Job.
Der skjer en fullstendig gjenopprettelse og dermed et nytt liv for denne
mannen.
.
1. Jobs svar.
Nå taler ikke Job lenger med sine venner eller med
mennesker. Nå er han i direkte kontakt med Herren. Og det er det som skal til.
.
Først av alt
priser han Gud, for Han er allmektig. Du kan alt, sier han. Ingen ting er
umulig for deg. I lys av dette må han innrømme: jeg har talt om det jeg ikke
forstod. Det er en stor og god erkjennelse. Derfor kan han heller ikke klage
over det Gud har gjort med ham. ”I erkjennelsen av at Guds tanker er høyere enn
våre tanker, hadde Job fått lov til å bøye seg under Gud,” skriver Olav
Sæverås. Han gir ikke vennene rett i at han hadde syndet spesielt, for nå er
det Gud han taler med. Da må alle bøye seg, også hans venner måtte det.
.
Dernest: Han er nå
villig til å høre mer på sin Herre og lære av ham. I forhold til det han så
ser, var hans tidligere kunnskap og erfaring med Gud bare som et rykte. V. 5.
Et rykte kan ha noe sant i seg, men er ofte overdrevet eller feilaktig på
forskjellig vis.
.
Nå sier han: Nå har mitt øye sett deg! Det var en direkte og
personlig erfaring med Gud han nå fikk. Det er ikke teori eller kunnskap. Han
har vært i nærkontakt med sin Herre og Gud. Da forandres alt. Vi ser livet på
en ny måte – litt på samme måte som Gud ser det. Det blir nok bare stykkevis og
delt her i verden. Men likevel litt himmelsk.
.
Da skjer dette:
Han angrer og tilbakekaller alt, v. 6. Et personlig møte med Gud forandrer alt.
Da ser han også lidelsens problem i et annet lys enn før. Den finnes ikke i
menneskelige tanker og diskusjoner. ”Den virkelige løsning finnes i det
personlige møte med Gud” (Guttorm Raen). En del av svaret er at når vi kommer i
et rett forhold til Gud, ser vi også mer av Guds plan med livet.
.
Dermed blir dette en ny begynnelse for Job. Han erkjenner at
noe var galt med ham, og hvem av oss må ikke si det? Hans personlige stilling
og innstilling til Herren hadde ikke vært rett, selv om han var rettferdig for
Gud. I etterkant ser han dette tydelig. Thor Fremmegård regner opp tre ting som
Job angret: Han hadde vært egenrettferdig i sitt forhold til Gud; Han ble
bitter og rasende på Gud i prøvelsen; og han forbannet sitt eget liv.
.
Vi vet ikke hvor lenge Job hadde levd på denne måten. Men
prøvelsen må ha vart i flere måneder med tanke på alt som hadde skjedd. Det er
ingen tvil om at han var nedfor på sjel og legeme. I slike tider kan vi ofte
gjøre og si mye som vi angrer bittert på i etterkant. Et personlig møte med Gud
kaster lys også over det og gir håp. Det fikk Job erfare.
.
Del B. Vers 7- 17.
2. Job får
oppreisning.
.
To ganger gir Gud Job et vakkert vitnesbyrd og
rettferdiggjør ham overfor vennene hans, v. 7-8. Her sier Herren til hans tre
venner: Dere har ikke talt rett om meg, som
min tjener Job, v. 7 og 8. Herren kaller Job sin tjener. Det må vha vært
ydmykende for Elifas som hørte dette. Og enda verre blir det når han sier: Dere
har ikke talt rett om meg. Det var en dom over hele samtalen deres med Job.
.
Han får også vite at Guds vrede ligger over disse tre. Gud kan
ikke tåle at noen taler usant og ondt om seg. Det vil få konsekvenser. Tenk på
situasjonen i dag der mange banner Gud og lever og taler som om han ikke
eksisterte. Guds vrede ligger over verden, samtidig som Gud elsker den.
.
Men Herren gav dem et håp. Det var og er redning fra dom og
vrede. Det var gjennom offeret. Elifas fikk beskjed om å gå til Job og ofre
brennoffer, sju okser og sju værer. Og Job skulle be for dem. Tenk å ha en slik
forbeder! Det er et kall til alle oss kristne om være en ”Job” både for venner
og mulige uvenner. – Da ville Gud høre og la vreden gå forbi.
.
Redningen for oss i vår tid går også gjennom et offer. Det
var Jesus død på korset. Da avverget han Guds dom og vrede over oss. Det
gjelder bare å ta imot det og bli en Kristi etterfølger.
.
I v. 9 ser vi at vennene gjorde som Gud sa, og han bønnhørte
Job. Det er hans stadige løfte. Be og dere skal få, heter det. Mat. 7, 7. Det
har han alltid vært trofast imot. Vær derfor frimodig og hold ut du som er i
bønnekampen.
.
3. En dobbel
velsignelse.
I v. 10-17 ser vi hvordan Gud betaler sitt trofaste folk.
Job var et eksempel på det. Gud gjorde ikke bare slutt på ulykken Job var inne
i. Han gav ham dobbelt igjen av det han hadde hatt før, med unntak av barn. Der
fikk han igjen akkurat det han hadde hatt før, sju sønner og tre døtre. Men
godset ble fordoblet.
.
Midt i denne prosessen med gjenreisning kom Jobs brødre og
søstre på besøk. Det er litt underlig. Hadde de ikke sett til han da han var i
nød? Hva slags forhold var det mellom disse brødrene. Det kan vi lure litt på.
Det er ikke bare i medgang vi skal ha omsorg for folket.
.
Vi kan også lære noe her om forholdet mellom rikdom og Guds
velsignelse. Eller det ikke noen sammenheng mellom dem? Noen lærer sterkt at
hvis du har det rett med Gud, skal du bli rik. Du kan be om hva du vil, bil og
hus og en million i penger. Gud er liksom nødt til å gi deg det, antyder de.
For han har lovet å svare vår bønn. Men har vi noe bibelord for at dette
gjelder materiell rikdom? Bønnesvaret er begrenset til bønn i Jesu navn og
dermed i samsvar med Guds vilje.
.
Mange små og fattige Guds barn har fått oppleve Guds
velsignelse og åndelige rikdom midt i sin elendighet. Men det er heller ikke
slik at en troende ikke kan være rik. Det er Job et eksempel på. Det er
spørsmål etter hva vi tenker om rikdommen og gjør med den. Hvordan er ditt
hjertelig med Gud i forhold til penger og gods?
.
Det er en god ”testfråga”. Løsningen for oss er å være
fornøyd med det vi har, og bruke det til Guds ære og hans rikes fremme i troen
på Jesus. Da kan vi også dø mett av dager, om vi må dø unge eller blir gamle og
grå. ”Det er Herrens velsignelse som gjør rik; eget strev legger ikke noe til.”
.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar